OM OSS
Dagleg leiar, Arild Tistel kom til Førde i 2002 som avdelingsleiar for Vik Bil AS. Etter mange år på verkstaden i Vik som mekanikar og servicemann(berging) på lette og tunge køyretøy,samt maskiner av alle slag og storleikar, starta han i avdelinga i Førde,og jobba den opp frå botn.
Som utøvar for Falck Redning og NAF Assistanse hadde me,då som no,avtale med alle forsikringsselskap på tungberging og lettberging.
Dette var, og er jo eit fortrinn. Satsinga på moderne utstyr kombinert med god service og utdanna personell har resultert i at oppdragsmengda har auka javnt og trutt.
Etter ein viss innkøyringsperiode kan me vel sei at me er blitt den leiande aktøren på bilberging i Sunnfjord.
Etter 4 år i Sunnfjordbyen fekk Arild tilbodet om å kjøpa og overta avdelinga. Dermed starta han Førde Bilberging AS og overtok 01.06.06 drifta etter Vik Bil AS avd.Førde. Med i handelen var ein MAN Tungbergar 6x6 og ein Toyota LandCruiser lettbergar 4x4. I tillegg investerte me i ein splitter ny planbil,MB Atego 1223.
Bedrifta har 2 fast ansatte,og i tillegg 2 på deltid. Alle tilsette har fagbrev som bilmekanikar,og betydeleg praksis innan bilfag og bilberging. Målet vårt er å reparera mest mogleg av havaristane på staden,og går ikkje dette fraktar me havarist til nermaste verkstad eller avtalt stad. Dette avtalar me i dialog med kunden og forsikring/medlemskap.
Me er utøvar for Falck Redning og NAF Assistanse i Førde,Florø,Sunnfjord og Ytre Sogn.
Har såleis avtale med alle forsikringsselskap!
Førde Bilberging AS:
- har samarbeid med Bautas AS
- har samarbeid med Førde Brannvesen.
- har samarbeid med Politiet.
Tar på oss alt av bergingsoppdrag og transportar på alle typar køyretøy,tung som lett!
Førde Bilberging AS har løyve for godstransport.
Dvs at me kan kjøre eks; liftar, traktorar, minigravarar
og anna løyvepliktig gods.
Ring oss for pristilbod! |

Familien er ein viktig støttespelar i denne livsstilen kalla bilberging.
|
ANSATTE:
Arild Tistel
Dagleg Leiar/Servicemann
Vegard Johnsen
Servicemann
Anders Ålhus
Servicemann
Anders Ødven
Servicemann
Ståle Myklebust
Servicemann-deltid
Olav Hope
Servicemann-deltid
|
 |
|